Søkeordning klima og miljø

Gjennom søkeordninga kan ein søkje på midlar til prosjekt og tiltak innan klima og miljø. Midlane er avgrensa, og ikkje alle prosjekt vil nå opp.

Midlar blir løyvde til prosjekt og arbeid som byggjer opp om fylkeskommunale planar og gjeldande Fylkesdelplan for klima og miljø og/eller ny Regional plan for klimaomstilling.

Korleis søkje?

Du må søkje elektronisk gjennom nettsida www.regionalforvaltning.no og den samla tilskotsordninga for nærings- og samfunnsutvikling 2018.

Kriterium og krav til søknad

Søknadar innan klima og miljø må vere innanfor satsingsområda i gjeldande Fylkesdel plan for klima og miljø og/eller ny Regional plan for klimaomstilling.

Du kan søkje om støtte til prosjekt:

  • som kan sannsynleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad
  • som har god kvalitet, og der søkjar har god gjennomføringsevne
  • der tilskotet har utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet

Fylkeskommunen legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar.

Tilskotet kan dekke kostnader direkte knytte til realisering av prosjektet. Tilskotet kan ikkje dekke drift av næringsverksemd eller organisasjonar. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er normalt 50 prosent.

Søknadsfristar

Søknadane vert handsama fire gonger i året. Det kan vere lurt å vere ute i god tid før fristen i fall du må levere meir informasjon før søknaden kan handsamast.

Søknadsfristane er:

  • 15. januar
  • 15. april
  • 15. august
  • 15. oktober

Saksgang 

Søknadar innan klima og miljø blir handsama administrativt av plansjefen. Ved behov vert søknadar saksbehandla i samarbeid med nærings- og kulturavdeling og politisk handsama i hovudutval for næring og kultur.

For meir informasjon om tilskotsordninga, saksgang og kriterium og krav til søknad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Tekniske spørsmål

Stig Vattekar
Rådgjevar
stig.vattekar@sfj.no
971 89 995

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven