Foto av ein mann på ei lita gravemaskin i aktivitet på Leikanger. Ved sidan av han står fleire tromlar med oransje breibandskablar.

Foto: Olav Skarsbø/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane får 17,24 millionar til breiband

Sogn og Fjordane er eit av vinnarfylka når Samferdsledepartementet no legg om ordninga med statstilskot til breibandsutbygging.

Den nasjonale ramma vert frå i år av fordelt og overført direkte til fylka. Det er breibanddekninga som ligg til grunn for fordelinga mellom fylka, og Sogn og Fjordane får 11,5 prosent av den nasjonale ramma på totalt 149,7 mill. kr.

– Det er gledeleg at fordelinga av midlar no er basert på behov. Fordelen då er at vi kan planlegge meir langsiktig og ikkje treng å konkurrere om ein pott med midlar nasjonalt. Fylket har rett nok kome godt ut av den tidlegare ordninga, mykje grunna eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og IT-forum. Dette samarbeidet vert framleis viktig om vi skal nå måla i breibandstrategien for Sogn og Fjordane, seier rådgjevar Egil Henning Ytrøy i fylkeskommunen.

Fylkeskommunane får større ansvar

Fylkeskommunen skal frå i år av prioritere prosjektsøknadar frå kommunane og innstille for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) for godkjenning. Slik får fylkeskommunane eit større ansvar for koordinering av utbygging av digital infrastruktur enn dei har hatt tidlegare.

Omlegginga er i tråd med framlegget i rapporten «Desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunane» frå ekspertutvalet som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunane.

Kan få meir mobilt breiband

Det er også verdt å merke seg at mobilt breiband kan bli eit godt alternativ framover. No vert det nemleg eit krav at breibandløysingar finansierte med tilskot frå ordninga, skal tilbydast til ein fast pris uavhengig av bruk.

Departementet poengterer òg at pris på mobilt breiband skal vere tilnærma lik prisen for fast breiband. Dette utfordrar forretningsmodellane til leverandørane av mobildata. Men det kan òg bety at mindre område som vert vurderte til å vere for dyre å bygge ut med til dømes fiber, kan få eit godt alternativ i tilbod om mobilt breiband.

Ordninga skal framleis vere teknologinøytral, men breibandtilbodet som vert finansiert med tilskot frå ordninga, skal kunne oppgraderast til minimum 100 Mbit/s i løpet av 2–3 år. Det vil sikre at det vert investert i utelukkande framtidsretta løysingar.

Les meir om dei nye retningslinene for støtte til breibandsutbygging på nettsida til Nkom.

For meir informasjon

Egil Henning Ytrøy
rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
402 04 384
egil.henning.ytroy@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00