Sogndal vidaregåande skule
YouTubar kjem til Sogndal Filmfestival

YouTubar kjem til Sogndal Filmfestival

Sogndal Filmfestival 2018

Den 5. og 6. april arrangerer medie- og kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule kortfilmfestivalen Sogndal Filmfestival for 13. gong på rad.

Målet med festivalen er å stimulere og motivere til filmskaping blant unge i alderen 15 til 28 år. Unge filmskaparar frå heile Vestlandet kan sende inn filmane sine.

Det vert konkurrert i ulike aldersgrupper og filmsjangrar. Ein uavhengig jury kårar dei ulike vinnarane.

Gallakveld og filmfagdag

Vinnarane vert offentleggjorde i Sogndal kulturhus torsdag 5. april, og det vert også visning av dei beste filmane. Det vert gallakveld med raud løpar og fine premiar til vinnarane.

Fredag 6. april inviterer medielinja til ein spennande filmfagdag i kulturhuset, med fleire aktuelle foredragshaldarar innan film og media.

Får teste filmar for publikum

Mange av dei tidlegare deltakarane i Sogndal Filmfestival arbeider i dag profesjonelt med film, anten i eigne filmselskap eller som tilsette i produksjonsselskap, NRK og TV2.

For fleire av dei var Sogndal Filmfestival den første arenaen der dei fekk testa ut filmane sine for eit større publikum.

Fristen for å sende inn filmar er 25. februar 2018.

Du kan følgje Sogndal Filmfestival på Facebook.

For meir informasjon

Thea Wigum
marknadsansvarleg
thea.wigum@gmail.com
info@sogndalfilmfestival.no

Tips ein ven Skriv ut