
Spesialpedagogikk / tilpassa opplæring
Arbeidsoppgåvene for rådgjevar for tilpassa opplæring er mellom anna:
* Organisere den tilpassa opplæringa
* Halde kontakt med føresette
* Vere kontaktperson for elevassistentar
* Vere leiar for spes.ped.teamet/teamet for tilpassa opplæring
* Ha oversikt over spesiell tilrettelegging ved prøver, og informere om dette
* Samarbeide med ungdomsskular, PPT og andre i hjelpeapparatet
Tilrettelegging på prøver
Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging i samband med prøver og eksamen, må du søkje skulen om dette.
Slik spesiell tilrettelegging kan vere :
* Forlenga tid
* Kombinasjon skriftleg/munnleg prøve
* Opplesing av oppgåva og forklaring av vanskelege ord og uttrykk
* Munnleg høyring
* Eige rom/mindre gruppe
Her finn du søknadsskjema for tilrettelegging i samband med prøver og eksamen
Søknaden må vedleggast dokumentasjon, og leverast til rådgjevar for tilpassa opplæring Ellrun Aarseth. (NB: Viss du ikkje får opne søknadsskjemaet, så prøv med ein annan nettlesar - til dømes Explorer).
Søknadsfrist: så tidleg som mogeleg i skuleåret.
Informasjon til lærarar
Her finn du informasjon om datoar, organisering m.m. Spes.ped 2016-2017, informasjon til lærarar.pdf