www.sogndal.vgs.no

Ingressbilete særskilt tilrettelegging1

Spesialpedagogikk

Spes.ped.koordinator
 
Spes.ped.koordinator på Hafstad vgs er Ellrun Aarseth, og det er ho som har ansvaret for å organisere og samordne den spesialpedagogiske opplæring på Hafstad vgs.
 
Spes_ped_ kordinator - Ellrun - Foto - Amalie Larsen Ovrid 06.jpg
 
Ellrun, Enny Aarseth, spes.ped.koordinator ved Hafstad vgs. Foto: Amalie Larsen Ovrid
 

Arbeidsoppgåvene for spes.ped.koordinator er mellom anna:
* Organisere spesialundervisninga
* Halde kontakt med føresette
* Vere kontaktperson for elevassistentar
* Vere leiar for spes.ped.teamet
* Ha oversikt over spesiell tilrettelegging ved prøver, og informere om dette
* Samarbeide med ungdomsskular, PPT og andre i hjelpeapparatet

Tilrettelegging på prøver
Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging i samband med prøver og eksamen, må du søkje skulen om dette. 
Slik spesiell tilrettelegging kan vere : 
* Forlengd tid
* Kombinasjon skriftleg/munnleg prøve
* Opplesing av oppgåva og forklaring av vanskelege ord og uttrykk
* Munnleg høyring
* Eige rom/mindre gruppe

Her finn du søknadsskjema for tilrettelegging i samband med prøver og eksamen PDF document ODT document

Søknaden må vedleggast dokumentasjon, og leverast spes.ped.koordinator Ellrun Aarseth. (NB: Viss du ikkje får opne søknadsskjemaet, så prøv med ein annan nettlesar - til dømes Explorer).

Søknadsfrist: så tidleg som mogeleg i skuleåret.

Informasjon til lærarar

Her finn du informasjon om datoar, organisering m.m. Spes.ped 2016-2017, informasjon til lærarar.pdf

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ellrun svhv.jpg

Ellrun Aarseth

Spes.ped. koordinator

ellrun.enny.aarseth@sfj.no

57 63 75 19

Relaterte lenker