Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Spesialpedagogikk

Spesialpedagogikk

Rådgjevar for tilpassa opplæring koordinerer spesialpedagogiske tiltak og gir rettleiing innan tilrettelagt opplæring. Du får hjelp med søknader, tilvising til
PP-tenesta eller andre i støtteapparatet, og informasjon om rettane dine.

Særskilt tilrettelagt opplæring

Du som treng særskilt tilrettelagt opplæring høyrer til i ein klasse og på eit programområde. Ut frå behov og føresetnader er opplæringa lagt til Læringshjørnet (individuelt eller i gruppe), til verkstad, klasserom eller eventuelt alternativ opplæringsarena.

Hovudmålet med opplæringa er å gje individuelt tilpassa og tilrettelagt opplæring som gir deg dugleik og kompetanse for vaksenlivet. Vi arbeider for å gje deg ein strukturert og oversiktleg skulekvardag, og legg vekt på å skape forståing for samanhengen mellom teori og praksis ved å setje læring inn i ein konkret samanheng.

Arbeidstrening, med fokus på korleis det er å vere i eit arbeid og krav i arbeidslivet, kan vere  eit alternativ for deg i kortare eller lengre periodar. Arbeidstreninga kan vere på eller utanfor skulen.

Vi legg vekt på :

  • Dine ressursar
  • Inkludering
  • Almendanning
  • Samspel, kommunikasjon og utvikling av samarbeidsevne
  • Meistring
  • Verdigheit
  • Kosthald og helse

Det vert utarbeidd individuell opplæringsplan (IOP). Ved avslutta vidaregåande opplæring får du eit kompetansebevis med vedlegg som gir oversikt over din oppnådde kompetanse.

http://www.sfj.no/saerskilt-tilrettelagt-opplaering.353844.nn.html

Vanlege utfordringar:

Dysleksi

Du treng oppdatert dysleksiattest (som du får hos PPT).

Du får mellom anna hjelp med installering og bruk av skrivestøtteprogram (Lingit, CD-ord, Textpilot). Hugs å ta med eigen lisens frå grunnskulen om du har.

Minoritetsspråkleg

Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.

Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregåande opplæring.
Er du nykomen innvandrar med rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova, bør du ta norskopplæringa før du byrjar i vidaregåande skule. Nærare informasjon får du i bustadkommunen din.

  • Dersom du har språklege problem, kan du ha rett til å bruke meir enn tre år på opplæringa. Sjå Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar.
  • Du kan òg få tilbod om eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar / førebuande Vg1 før inntak til eit ordinært Vg1. Dersom du tek eit slikt innføringsår, bruker du ikkje av den treårige opplæringsretten. Hugs at den treårige retten likevel må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Astrid Kristiansen Rømmen.jpg
Astrid Kristiansen Rømmen
Rådgjevar
57 67 64 41 / 416 97 121
astrid.kristiansen.rommen@sfj.no