Sogndal vidaregåande skule
Publikum på Internasjonalt Fokus 2016

Kantina /aulaen på Sogndal vgs var meir enn fullsett på Internasjonalt Fokus

Sterkt og engasjert Internasjonalt Fokus !

Kantina / aulaen på Sogndal vgs var meir enn fullsett då Internasjonalt Fokus vart sett onsdag. Det sterke foredraget til Syver Grepstad gjorde inntrykk. Den tidlegare Sogndalseleven har vore med å berga over 2000 båtflyktningar i Middelhavet. Internasjonalt Fokus er oppsparket til solidaritetsdagen / arbeidsdagen for Eshowe på Sogndal vgs. 2. desember.

Tekst og foto: Inge Kjell Holme

Han fortalde si historie frå Middelhavet - møtet med alle borna var det sterkaste !

Syver_Grepstad.jpg

Til saman var Grepstad med å berga like mange som det er innbyggjarar i heimkommunen Leikanger.

Me hadde størst fokus på alle borna me berga

- prøvde å la dei få ei mest muleg positiv oppleving. Dramatikken vil dei ha med seg gjennom heile livet sa Syver Grepstad i foredraget sitt. Grepstad hamna i 2014 midt i flyktningekrisa i Middelhavet , då han var mannskap på oljeriggen Bourbon Orcha. I foredraget fortalde han om dei mange redningsaksjonane, tragediar, menneskesmuglarane som fylgde dei på avstand - og ikkje minst alle dei glade, men også slitne menneska som vart berga !

Mbali - gjest frå Eshowe !

Internasjonalt Fokus hadde også eksklusivt besøk av 19-åringen Mbali. Ho kjem frå venskapskommunen til Sogndal Eshowe i Sør-Afrika. Ho er ei av dei som har fått gått på skule/barnehage gjennom prosjekta elevane på Sogndal vgs har finansiert gjennom solidaritetsaksjonane

Me er alle veldig takksame for det de gjer for oss sa Mbali -som ikkje hadde trudd at ho skulle syngja for så mange !

Mbali er dette året elev på Idrettslinja på Sogndal Folkehøgskule og fekk trampeklapp for vakre sangbidrag.

Mbali fekk godt fylgje av Marita Holen - elev i 2 SSA - som også ga publikum på Internasjonalt Fokus flotte sang-opplevingar.

Aksjonsdagen

Fredag 2. desember er det ny arbeidsdag for Eshowe. Eshowekomiteen på skulen fortalde om aksjonsdagen og oppfordra alle til å bidra med 350.- gjennom arbeid ute eller på heimebane.

 

Tips ein ven Skriv ut