Støtte til FoU-prosjekt

Industriell forsking og eksperimentell utvikling

 

Laupande søknadsfrist

1.Send melding til prosjektleiaren i fylkeskommunen om interesse for ordninga: e-post: arne.monrad.johnsen@sfj.no
2.Få tilsendt søknadsskjema og tilbod om rådgjeving av VRI4.
3.Opprett søknad på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og send inn søknad saman med utfylt søknadsskjema på nettsida: FORREGION
4.Inntil kr 200.000 i støtte til FoU-prosjekt, industriell forsking eller eksperimentell utvikling
5.Bedrifter og nettverk innanfor prioriterte næringar kan søkja
6.Støtte etter statsstøtteregelverket, avgrensa til 50% av godkjende kostnader
7.Fortlaupande handsaming av arbeidsgruppa og Forskingsrådet

 

Støtte til to typar FoU-prosjekt

I VRI4 kan du søkja om inntil kr 200.000 i støtte til FoU-prosjekt, anten av type industriell forsking eller eksperimentell utvikling. Figuren illustrerer med gult kvar desse FoU-aktivitetane høyrer heime i utviklingsprosessen (TRL 1-8).


Illustrasjon av FoU-Prosjekt

 

Siktemålet for Forskingsrådet med å gi støtte til små FoU-prosjekt, er at prosjekta skal legge grunnlaget for vidare forsking og utvikling, og aller helst større FoU-prosjekt, med søknader om støtte til regionale, nasjonale og internasjonale FoU-program.

Med industriell forsking meinast bruk av relevant forskingsmetodikk for å finne sikre svar på viktige spørsmål og usikkerheitar i utviklingsarbeidet. Industriell forsking blir som regel utført av forskarar i laboratorium eller anna kontrollert miljø, eller av andre med FoU-kompetanse. Dersom du t.d. har bruk for heilt ny teknologi som du er usikker på, kan industriell forsking gi sikre svar på dine spørsmål.

Om vi refererer til TRL-skalaen (figuren), vil industriell forsking som regel tilhøyra TRL 1-4. TRL-skalaen går frå 0-9, og seier noko om kor moden teknologien er (TRL = Technology Readiness Level). Industriell forsking representerer såleis tidlege fasar i teknologiutviklinga, og det kan vera logisk med meir FoU i ettertid.

Med eksperimentell utvikling meinast alle former for bruk av relevant kunnskap for å drive utviklingsarbeid under realistiske forhold. Typisk er utvikling av prototypar og pilotar for testing, optimalisering og demonstrasjon, for å ferdigutvikla eit nytt produkt, ei ny teneste eller noko anna nytt i produksjonen, og få denne innovasjonen dokumentert og sertifisert.

Om vi refererer til TRL-skalaen, vil industriell forsking som regel tilhøyra TRL 5-8. Eksperimentell utvikling representerer såleis seine og avsluttande fasar i teknologiutviklinga.

Dersom det oppstår usikkerheit knytt til teknologi og konsept i utviklingsarbeidet, kan ny eller meir industriell forsking vera aktuelt. Då kan ein gå attende nokre trinn i utviklingsprosessen, for å prøve på nytt.

Opplegg for handsaming av søknader

Etter at søkjar har fylt ut søknadsskjema fyrste gong, skal skjema sendast til VRI4 prosjektleiar. Saman med arbeidsgruppa vil han vurdera søknadane basert på VRI4 retningslinjer (under) og Forskingsrådet sine seleksjonskriterium og vurderingskriterium (under), og tilrå eventuelle endringar. Målet er at søknadane skal stetta alle krav ved innsending til Forskingsrådet.

VRI4 retningslinjer og sjekkpunkt

1.VRI4 vil gi støtte til industriell forsking og eksperimentell utvikling etter statsstøtteregelverket, med inntil kr 200.000 til kvart prosjekt.
2.Støtta er avgrensa til inntil 50% godkjent budsjett.
3.For å kalkulera rett støtte til kvar bedrift, må VRI4 ha opplysningar om kva bedrift som finansierar kva kostnad innanfor kva type FoU-aktivitet. Søknadsskjema er lagt til rette for dette. Ta kontakt med VRI4 om du treng hjelp.
4.Finansieringa skal skje i form av kontantar eller løna timar, som kan dokumenterast.
5.Prosjekta skal vera innafor VRI4 sine prioriterte satsingar, som er fornybar energi, landbruk, reiseliv og sjømatnæringar, og som kan koma desse næringane til gode.
6.Prosjektet skal vera forankra i ein eksisterande produksjon eller ny produksjon som kan forsvara prosjektet økonomisk og som har gjennomføringsevne.
7.Prosjektperioden kan vera inntil 12 månader.
8.Bedrifter og nettverk frå Sogn og Fjordane kan søkja.
9.Søknadsskjema skal vera fullstendig utfylt på ein tilfredsstillande måte.

 

Forskingsrådet sine seleksjonskriterium og vurderingskriterium

Det er Forskingsrådet program FORREGION, som skal gi sluttvurdera søknadane og gi støtte eller avslag. Forskingsrådet har fylgjande seleksjonskriterium og vurderingskriterium. Ta kontakt med VRI4 om du er usikker:

 

SELEKSJONSKRITERIUM

1.Er søkjar ei SMB-bedrift (under 250 tilsette, omsetning under 50 mill euro, balanse under 43 mill euro)?
2.Har søkjar adresse Sogn og Fjordane?
3.Er krav til eigendel frå næringslivet i søknaden på plass?
4.Er prosjekt og søknad forankra hjå bedriftsleiinga?
5.Er det søkt om meir enn kr 200.000 i støtte?
6.Har bedrifta røynsle med FoU-arbeid?

 

VURDERINGSKRITERIUM

1.Kva støttekategori hører søknaden heime under (industriell forsking eller eksperimentell utvikling)?
2.Prosjektorganisering og gjennomføringsevne
3.FoU-miljøet sitt bidrag i prosjektet
4.Regional relevans – eller samfunnsnytte i Sogn og Fjordane
5.Ambisjonar for vidare arbeid med forsking og/eller samarbeid med forskingsinstitusjonar
6.Addisjonalitet – i kva grad støtta er naudsynt for gjennomføring av prosjektet

 

 

Statsstøtteregelverket for prosjekttypane (nytt)

MAX STØTTE UTAN BONUS

 

Type FoU-aktivitet

Liten bedrift

Under 50 tilsette

Mellomstor bedrift

Mellom 50-250 tilsette

Stor bedrift

Over 250 tilsette

Industriell forsking

70%

60%

50%

Eksperimentell utvikling

45%

35%

25%

 

MAX STØTTE MED BONUS

 

Type FoU-aktivitet

Liten bedrift

Under 50 tilsette

Mellomstor bedrift

Mellom 50-250 tilsette

Stor bedrift

Over 250 tilsette

Industriell forsking

80%

75%

65%

Eksperimentell utvikling

60%

50%

40%

Max støtte vert kalkulert i prosent av godkjent kostnadsgrunnlag. Les meir om FoU-prosjekt og statsstøtte på nettsidene til Forskingsrådet

Rett på bonus kan du få på fylgjande vis:

i.Prosjektet omfattar eit faktisk samarbeid:

  • mellom føretak der minst eitt er ein SMB (liten eller mellomstor), eller blir utført i minst to medlemsstatar (i EU) eller i en medlemsstat og en stat som er part i EØS-avtalen, og ingen føretak aleine står for meir enn 70 % av godkjende kostnadene, eller
  • mellom et føretak og ein eller fleire organisasjonar for forsking og kunnskapsformidling, der dei sistnemnde aleine står for minst 10 % av godkjende kostnader og har rett til å offentliggjøre sine egne forskingsresultat, eller
     

ii.Resultata av prosjektet får omfattande spreiing gjennom konferansar, publikasjonar, opne datakilder eller programvare med gratis eller open kildekode.

VRI4 vil kalkulere maksimal statsstøtte for kvart prosjekt, basert på vurderingar av kostnadane, rett til bonus og type FoU-aktivitet. Det vert berre lagt til grunn opplysingar i søknadane.

Kontakt Sogn og Fjordane:

VRI4 prosjektleiar
Arne Monrad Johnsen
Askedalen 2, 6863 Leikanger
E-post:
arne.monrad.johnsen@sfj.no
Mobil: +47 41530978

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven