www.sogndal.vgs.no

Elevar ved Hafstad vgs i ein engelsktime. Foto: Espen Nyttingnes

Elevar ved Hafstad vgs i ein engelsktime. Foto: Espen Nyttingnes

Studiespesialisering - Studieførebuande utdanningsprogram

Studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram) passer godt for deg som trivs med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag.

Dei som vel studiespesialisering har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule, og utdanningsprogrammet gjev deg eit solid grunnlag til å studere vidare både i Noreg og i utlandet.

Du vel fordjuping innan

Kafe E.jpg

Elevar frå Hafstad vgs på "fransk kafe". Prosjekt i språkfag (fransk). Foto: Ole Johnny Devik

Studiespesialisering ved Hafstad vgs

Skulen har 4 parallellklassar på studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram), kvar med 30 elevar både på vg1, vg2 og vg3. I Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Du vil også få studiekompetanse ved å gå på medium og kommunikasjon (MK) - eller ved å ta programområdet kunst, design og arkitektur (KDA) som også er tilbod skulen har. Hafstad vgs ligg sentralt til i Førde, og skulen er vakkert plassert like ved elva. Det er eit flott bibliotek, lesesal, auditorium og kantine på skulen. 

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang, får du generell studiekompetanse, og kan søkje opptak på høgskule eller universitet. Somme studium krev at du vel særskilte fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

Det første året, Vg1

Du må ha 30 timar i løpet av det første året.

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:

  • Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk: 4 timar
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnsfag: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå1 tysk og spansk, nivå 2 tysk, spansk og fransk

Det andre året, Vg2

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 er tilsaman 15 timar. Resten av faga kan du velje sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå 1 tysk/nivå2 spansk, fransk, tysk, standpunktkarakter på vitnemål
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (gjeld ikkje dersom Realfagsmatematikk 1 eller Samfunnsfagleg matematikk 1 er vald)

Det tredje året, Vg3

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg3 er også 15 timar som du ser punktvis nedanfor. Resten er valfrie fag / programfag.

  • Norsk:  6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

Valfrie fag på vg2 / Vg3

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (tilsaman 10 timar pr. veke). I tillegg kan du velje eitt fag til - uavhengig av programområde (5 t/v). Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Døme: Dersom ein har 35 timar det første året, og 30 timar det andre året, får du eit vitnemål med berre 25 timar på vg3. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Dei valfrie programfaga ved Hafstad vgs kan variere frå år til år, men skulen pleier å tilby: Biologi 1 og 2, Informasjonsteknologi 1 og 2, rettslære 1 og 2, kjemi 1 og 2, fysikk 1 og 2, internasjonal engelsk, samfunnsf. engelsk, økonomistyring, økonomi og leiing, sosiologi og sosialantropologi, medie- og informasjonskunnskap, matematikk R1 og R2, matematikk S1 og S2, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, breiddeidrett 1 og 2, politikk og menneskerettar, spansk og tysk.

vilbli.no står det elles følgjande om studiespesialisering, studieførebuande utdanningsprogram:

Du lærer 

Avhengig av dine fagval:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Innovasjonscamp.jpg

Over: Lokal Energi for framtida Gründercamp, november 2015. Foto: Sirianne Svindland

Du bør vere

  • interessert i å arbeide med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • interessert i å skrive eller rekne
  • interesset i kultur- og samfunnsforhold

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Viss du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • sjukepleiar, lege eller veterinær
  • ingeniør, jurist eller økonom
  • lærar, psykolog eller leiar
    Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet.

Gutar i hallen på Hafstad vgs Foto - Jim Steven T Igland.jpg

Over: Elevar ved Hafstad vgs. Foto: Jim Steven T. Igland

Arbeidsstadar kan vere

  • sjukehus, domstol, politistasjon eller kommuneadministrasjon
  • advokatkontor, konsulentselskap eller ingeniørbedrift
  • barnehagar, skular eller universitet

Elevar ved Hafstad vgs - Foto - Jim Steven T Igland.jpg

Over: Elevar ved Hafstad vgs. Foto: Jim Steven T. Igland

Opptakskrav til høgare utdanning 

Med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. Men nokre studium har særskilte opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Fleire studium innan kreative fag krev ein praktisk opptaksprøve.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Døme på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskule- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. Vel du studiespesialisering med realfag på Vg2 og Vg3, er det størst moglegheit til å få tatt dei realfaga du vil trenge.

Val av fag i utdanningsprogram for studiespesialisering

  • Tek du realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi, vel du to programfag på Vg2 som du må vidareføre på Vg3. Dette blir kalla fordjuping. Disse programfaga må vere frå programområdet ditt.
  • Du skal velje to programfag til, eitt på Vg2 og eitt på Vg3. Desse kan vere frå programområdet ditt eller frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (til dømes realfag eller framandspråk). Du treng ikkje vidareføre valfrie programfag på neste trinn.
    • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 istadenfor det siste programfaget på Vg3.
  • Det er særskilte reglar for val av fag viss du vel matematikk R1/S1 som programfag på Vg2.
  • Det er opp til skulen din kva slags programfag som blir tilbydd.
  • Har du særskilte framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anette svhv4.jpg

Anette Drage

Opplæringsleiar for språk og samfunnsfag

Anette.Drage@sfj.no

57 63 75 08 / 992 33 686

Jan 5.jpg

Jan Taule

Opplæringsleiar for realfag og økonomiske fag

Jan.Taule@sfj.no

57 63 75 05 / 977 15 476