www.sogndal.vgs.no

Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

Teaterframsyning for Vg2

«Privattimen» er eit intenst og tankevekkande stykke som stiller spørsmål ved meiningsløysa ved dei tillærte og undertrykkande verdiane våre. Stykket blir vist i teateret sin blackbox i Sogndal kulturhus Onsdag 29. mars kl. 10:15 og 12:30 og torsdag 30. mars kl. 10:15 og 12:30.

Onsdag 29. og torsdag 30. mars skal elevane i 2. klasse sjå det komiske dramaet «Privattimen».

Sogn og Fjordane teater er på turne i Den kulturelle skulesekken og skal spele for elevar i 2. klasse på alle dei vidaregåande skulane i fylket. Elevane i 2. klasse får møte eleven som skal ta «den universelle doktorgrad» på tre veker, professoren som skal hjelpe henne med det og hushjelpa hans. Elevane i 2. klasse vert delt i fire grupper, og stykket blir vist i teateret sin blackbox i Sogndal kulturhus onsdag kl. 10:15 og 12:30 og torsdag kl. 10:15 og 12:30.

Burlesk og humørfylt einaktar

«Privattimen» er eit intenst og tankevekkande stykke som stiller spørsmål ved meiningsløysa ved dei tillærte og undertrykkande verdiane våre. Men først og fremst blir alt fortalt i ein frekk, antikonvensjonell og frigjerande form for absurd humor. Kven er denne unge eleven som ikkje kan meir enn eit åtte år gamalt barn? Kven er denne merkelege professoren som skjuler ein sadistisk tyrann, og kven er hushjelpa som skal fortelje om det tragiske utfallet av privattimen?

Språket som maktmiddel

I Privattimen vert ikkje språket berre brukt til kommunikasjon eller opplæring, men også som eit maktmiddel. Stykket er skrive som eit angrep på eit undertrykkande skulesystem med totalitær lærarautoritet, spekka med overraskande innfall og overdriven, grotesk humor. Dramatikaren som har laga stykket, Eugène Ionesco, set fokus på det meiningslause ved konvensjonane våre, – kva oppdreg  vi unge menneske til? Kva slags banal kunnskap er det vi tvingar på dei? Kva slags nytte vil dei ha av det håplause tankegodset og dei ubrukelege ferdigheitene vi indoktrinerer dei med? Kva brukar vi språket til, - å dominere eller frigjere?

Vel  møtt til framsyning!

Les meir

 

For meir informasjon

Øyvind Høstaker

koordinator for Den kulturelle skulesekken

Sogn og Fjordane fylkeskommune

+47 95222168

oyvind.hostaker@sfj.no

Tips ein ven Skriv ut