Kommunevåpen 3

Teiknekonkurranse kommunevåpen

Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. No startar arbeidet med å utforme kommunevåpenet til den nye kommunen. Vi inviterer derfor alle som har idear til å sende inn forslag innan 1.mai 2018. Saman med teikninga skriv du ei kort skildring av idéen bak kommunevåpenet du har laga. (klikk på tittelen for meir informasjon)

Vi håpar på stort engasjement blant innbyggjarar, tilsette, skular, barnehagar, næringsliv, lag, organisasjonar og alle andre som har gode idear.

Det vert delt ut ein premie på 10 000 kroner. Vinnaren vert trekt tilfeldig blant alle som deltek. Premien må gå til eit lag eller ein organisasjon som er registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i ein av dei fire kommunane i komande Sunnfjord kommune. Premien kan også gå eller ei skuleklasse i grunnskulen, ein SFO eller ein barnehage.

Alle bidrag som er levert inn vil bli vurdert av fagmiljøet som skal utforme det nye kommunevåpenet. Ideane som ligg i bidraga vil vere utgangspunktet til det nye kommunevåpenet.

Meir informasjon om konkurransereglar og korleis delta finn de her: https://www.prosjektsunnfjord.no/kommunevapen/

Tips ein ven Skriv ut