Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon
To elevar som reparerar ein bil

Foto: Focus UB

Teknikk og industriell produksjon

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising, produksjon basert på teknisk teikning i 3D, automatiserte prosessar, montering og/eller reparasjon?

Startar du eit utdanningsløp på teknikk og industriell produksjon (TIP) kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på TIP ved Sogndal vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan køyretøyfaga, industrifaga, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Du som vel teknikk og industriell produksjon, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og tryggleik står sentralt. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

Les meir om faget Teknikk og industriell produksjon og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - TIP

Teknikk og industriell produksjon ved Sogndal vgs

Sogndal vgs har ei moderne TIP avdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På Vg1 og Vg2 vert utplassering i bedrift nytta som læringsarena. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr desse kursa innan yrkesfaget Teknikk og industriell produksjon:

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på TIP avdelinga og du vert ein del av eit stort fagmiljø. Det er kort veg til  dei andre yrkesfaga på skulen som blant anna Elektro og Bygg og anleggsteknikk. Skulen har store og flotte lokale som stod ferdige hausten 2011.

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning: Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, Fagskuleutdanning og/eller Ingeniørutdanning – Y-vegen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no

Relaterte lenker