Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Temadagen 4 oktober - Foto Ole Johnny Devik

Temadag med motivasjonsforedrag

Tysdag var alle elevane på skulen samla til motivasjonsforedrag med far og son Tvinde i Førdehuset. I litt over ein time vart elevane utfordra til å tenkje over kor målbevisste dei er i kvardagen, og kva enkle grep som skal til for å nå måla sine.

Jan Egil og Lars Fredrik Tvinde fokuserte på at alle kan nå måla sine, og at det berre er vilje det står på. Før elevar og lærarar gjekk tilbake til kvardagen, vart dei utfordra til å sette seg eit ønskemål for framtida og å jobbe med å strukturere arbeidsdagen sin. Siktar du på månen, men bommar, hamnar du likevel blant stjernene, var bodskapen frå far og son Tvinde.

Tekst: Anette Drage

Foto: Ole Johnny Devik

01 Temadag - Foto Ole Johnny Devik.jpgOver: Temadag. Foto: Ole Johnny Devik

02 Temadag - Foto Ole Johnny Devik.jpg

Over: Temadag. Foto: Ole Johnny Devik

Tips ein ven Skriv ut