PC

Tips til elevar som skal byrje på medium og kommunikasjon og på KDA

Fylkeskommunen har bestemt at alle elevar på Vg1 skal ha berbar PC. Du kan nytte eigen PC du alt har, eller kjøpe gjennom fylket si innkjøpsordning. Elevane på Media og på Kunst, design og arkitektur bør helst ha maskin med minimum 128 gb SSD, med ekstra innebygd harddisk på 500 gb eller meir. Min 8 GB RAM. Oppløysinga bør vere minst 1920x1080. Skjermen bør vere ISP eller tilsvarande med god innsynsvinkel. Det er fordel med eit GeForce-skjermkort med gtx 1060, eller tilsvarande AMD-skjermkort. 

Ta gjerne kontakt med Ole.Johnny.Devik@sfj.no, eller med Johnny.Flaten@sfj.no  dersom det er foreldre som lurer.  

 Les meir om vilkår og sjå fristar for bestilling på www.sfj.no/elevpc – sjå eige skriv.

Årsaka til at skulen gjev desse anbefalingane, er fordi elevar på medium og kommunikasjon arbeider med filmredigeringsprogram, og med andre program som krev god kapasitet- og lagringsplass på maskinene. Ved arbeid med biletredigering, foto og design etc. er det også ein fordel med god skjermoppløysing.

Her er ei lenkje med nokre tips til PC:

https://issuu.com/mojo-vgs/docs/pc-tilbod_mk_2014

Her er også ei lenkje til informasjon om elev-pc som ligg på fylkeskommunen si side:

http://www.sfj.no/elev-pc.341795.nn.html

Tips ein ven Skriv ut