PC

Tips til elevar som skal byrje på medium og kommunikasjon

Fylkeskommunen har bestemt at alle elevar på Vg1 skal ha berbar PC. Du kan nytte eigen PC du alt har, eller kjøpe gjennom fylket si innkjøpsordning. Elevane på Media bør ha 256 gb harddisk eller større, helst SSD. Min 128 gb ssd + ev 500 gb vanleg hardisk. Min 4 GB ram, men helst 8 GB eller meir. Oppløysinga må vere minst 1920x1080. Skjermen bør vere ISP eller tilsvarande med god innsynsvinkel. Det er fordel med eit GeForce-skjermkort med 940, 950, 960 eller 970. Ta kontakt med Ole Jonny Devik på mob. 412 46 960, eller helst e-post dersom det er foreldre som lurer.

Årsaka til at skulen gjev desse anbefalingane, er fordi elevar på medium og kommunikasjon arbeider med filmredigeringsprogram, og med andre program som krev god kapasitet- og lagringsplass på maskinene. Ved arbeid med biletredigering, foto og design etc. er det også ein fordel med god skjermoppløysing.

Her er ei lenkje med nokre tips til PC:

https://issuu.com/mojo-vgs/docs/pc-tilbod_mk_2014

Her er også ei lenkje til informasjon om elev-pc som ligg på fylkeskommunen si side:

http://www.sfj.no/elev-pc.341795.nn.html

Tips ein ven Skriv ut