www.sogndal.vgs.no

Bilete syner Tonje Torvanger og Olav Mjell Hofsvik i arbeid på kjøkkenet

Tonje Torvanger (til venstre) og Olav Mjell Hofsvik i arbeid på kjøkkenet

Tonje frå juniorlandslaget kokkelerte på det nye kjøkkenet til Sogndal vgs

Restaurant- og matfagavdelinga på Sogndal vgs hadde besøk av tidlegare elev Tonje Torvanger som no er kokk på Statholdergaarden i Oslo.

Elevane fekk vera med å lage ein 3-rettarsmeny under god leiing av Tonje.

Tekst: Alfred Haukeland
Foto: Alfred Haukeland / Ingunn Weka


Først på dagen fortalte Tonje om det å vera kokk og vegen dit. Ho la spesielt vekt på interesse for faget. Vidare var det viktig med gode haldingar og god førebuing til arbeidsdagen. Elevane tykte det var ein interessant og lærerik skuledag.

Meny

Kaldrøykt laks

Dillemulsjon, sylta agurk, sylta raudlauk, pepparrotkrem og rugchips

***
Andebryst og andehjerte

Jordskokkpuré, rosenkål, karmellisert lauk, stangsellericruidite, jordskokkchips og solbærsaus

***

Dessertsymfoni

Karamellisert kvit sjokoladebonnet, daim, finansier med bringebær, bringebærsorbet, sitroncurd, tørka marengs og sitronmelisse

RM_forrett.jpg
RM_hovudrett.jpgRM_dessert-tallerken.jpg
 

Tips ein ven Skriv ut