www.sogndal.vgs.no

Messe1

Torsdag 25. januar arrangerte Sogndal vgs open dag

Open dag er eit tilbod til ungdomsskuleelevar i regionen, som ønskjer informasjon om tilboda ved skulen. Her møter elevane og foreldra lærarar frå dei ulike utdanningsprogramma, som viser fram kva ein jobbar med som elev. Dei ulike opplæringskontora som representerer verksemder som tilbyr opplæring i bedrift var òg tilstades. 

Rektor Ole Jørgen Øygarden er svært nøgd med dagen, og fekk mange tilbakemeldingar frå foreldre, elevar, opplæringskontor og tilsette om at dette er ein flott møteplass for å snakke om vidaregåande opplæring. 

Galleri

Elektro_stolpe
Helse
Messe2
RM_elevar
Trollsalen
Yrkessjåfør
Tips ein ven Skriv ut