Bilete syner Kaupanger damelag

Bilete syner Kaupanger damelag

Trivst svært godt på idrettslinja

- Eg trivst svært godt på idrettslinja på Sogndal vgs, kjekt å kunne drive med min idrett på skulen. Det seier Kaupangerspelaren Miriam Vilnes Mjåseth. Ho er ein av to spelarane på Kaupanger som har fast plass på J16-landslaget i fotball. Kaupanger var nær å vinna 2. div-damer i år. Det tette samarbeidet med Idrettslinja er ein viktig faktor for sportsleg framgang for KIL-damene.

Toppidrett med Kaupangertrenarar som lærarar

Kaupanger damelag har eit godt samarbeid med idrettslinja på Sogndal VGS - der dei har ein eigen kontaktperson. Trenarane på Kaupanger har ansvar for alle torsdagsøktene på toppidrett for damer. Dette gjer at dei har moglegheit til å utvikla og justera den totale belastninga på spelarane sine.
Spelarane får god tid på skulen til å jobba med individuelle utviklingsmål, enten det er tekniske, taktiske eller fysiske mål.

Rekruttering frå heile fylket

Trenar Øystein Rinde meiner òg dette er viktig for å hente spelarar utanfrå Sogn, slik at dei kan velja idrettslinja som vidaregåande utdanning. Utan Idrettslinja ville ikkje Kaupanger vore der dei er i dag. Dei trenar 5 dagar i veka, og har enten kamp eller fri i helgene. Måndagar trenar dei på Idrettssenteret på Campusområdet, resten på Kaupanger. Øystein seier at spelarane må bruke mykje tid på fotballen sidan dei har 5-6 treningsøkter inkludert kamp, og lange reiser på Vestlandet. . Han meiner at spelarane er veldig målretta, og at dei stort sett klarar å unngå at det skal gå ut over skulearbeidet.

Kaupanger damelag satsar høgt på opprykk

Damelaget til Kaupanger har i år hatt god sportsleg framgang, sjølv om dei tapte sjansen til opprykk på målstreken mot Hinna.
 

Miriam Vilnes Mjaaseth.jpg
Miriam Vilnes Mjåseth, Foto: NFF

Spelarutviklar fylger dei unge

For å få spelarane fokuserte på ein mogleg opprykk, jobbar dei med å innføre ein tydelig spelestil og trenar på forskjellige kampsituasjonar. Dei planlegg godt ein og ein sesong, i forhold til spelarar dei kan utvide laget med, slik at dei får større konkurranse om plassane.

Dei har ansatt ein spelarutviklar som følg tett med på dei unge spelerane, og har ansvar for utviklinga deira. Kaupanger har også eit tett og godt samarbeid med Idrettssenteret der dei jobbar med skadeforebyggande trening, med Bedriftshelse1 som følg opp spelerane ved skade, og sist men ikkje minst Sogndal VGS i forhold til spelerane sin trening på skulen. Dette gjer at dei har ein god moglegheit til å justere totalbelastninga. Desse samarbeidspartnerane har månadleg eit møte med hovedtrenaren til Kaupanger, for å dele erfaringar og justere ting dei er unøgde med. Denne sesongen så langt har venstrekant Tea Berteig hatt 18 målgjevande pasningar og 9 mål. Spiss Miriam Vilnes Mjåseth er toppskårar, med heile 19 mål. Begge midtstopperane på laget, Ingri Ness og Andrea Hopen er viktige nøkkelspelarar. Sjølv om dette ikkje gjorde at dei klarte opprykk i år, har dei utvikla seg stort, og satsar endå høgare på opprykk neste sesong.

Kaupanger har spelarar utplukka til landslag

Kaupanger damelag har no 3 jenter som spelar på damelandslag, Linn-Mari Nilsen (J19), Ylinn Tennebø (J16) og Miriam Vilnes Mjåseth (J16). Dette gjer at dei får store utfordringar med samkøyring. I mai var Linn-Mari og Marte vekke i to veker for å spele EM i Kviterussland for J17 landslaget. Dei er òg borte på mange treningssamlingar og kampar. Kaupanger merkar godt at dei er borte i viktige seriekampar, og syntes dette er synd. Samtidig er det viktig for Kaupanger at desse jentene får referansar på kvar nivået ligg blant dei beste spelarane i Noreg og utlandet.
Tips ein ven Skriv ut