Realfag 3

UNDERVISNINGSSTILLING I REALFAG

Søknadsfrist: 24.06.2018: Frå 01.08.2018 har vi ledig 100% vikariatstilling med hovudvekt på  naturfag og matematikk. Andre aktuelle fag kan vere kjemi og biologi. Moglegheit for fast stilling frå skuleåret 2019-2020. Vi ynskjer ein person som kan ta på seg kontaktlæraransvar, er samarbeidsvillig, utviklingsorientert og lojal.

For stillinga gjeld:

  • Løn etter gjeldane regulativ

  • Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

  • Prøvetid på 6 månader

  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing

  • Refusjon av flytteutgifter etter gjeldande regler

Attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju.

Stillinga vert utlyst med atterhald om at tilsette i Sogn og Fjordane Fylkeskommune kan ha førerett til stillingane.

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte rektor Nina Bygstad, tlf. 950 86 910 eller pedagogisk leiar Inger Karin Oppedal 415 30 876.

Opplysningar om skulen er å finne på www.hafstad.vgs.no.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under ledige stillingar.

Søknadsfrist: 24.06.2018

Hafstad vidaregåande skule held til i eit moderne og spennande skulebygg, vakkert plassert ved elva Jølstra i Førde sentrum. Skulen har 75 tilsette og om lag 500 elevar. Skulen tilbyr Studiespesialiserande utdanningsprogram, Kunst, design og arkitektur, Medium og kommunikasjon og nettbasert vaksenopplæring. Hafstad vidaregåande skule er ein av tre eksamensskular i Sogn og Fjordane. Skulen legg stor vekt på utvikling av eit godt læringsmiljø. Vi tek elevar, tilsette og forsking på alvor, spegla av vår felles visjon Din kunnskap – Vår framtid.

Tips ein ven Skriv ut