Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
VG2 medium og kommunikasjon på Fylkesmessa 13 mars 2017, foto Mona Fossdal

Ungdomsbedrift på Hafstad vgs vann tre prisar på Fylkesmessa for UB

Ungdomsbedrifta til klasse 2mka: Bit & Byte, vann tre prisar på Fylkesmessa 14. mars. Dei kom på 1.plass for "Beste teneste", 2.plass for "Beste marknadsføring", og 2.plass for "Beste ungdomsbedrift".

Halve klassen er for tida i Sverige, i forbindelse med eit internasjonalt Erasmus + samarbeidsprosjekt, men heile klassen har vore sterkt involvert i ungdomsbedrifta. Ungdomsbedrifta har utført teneste som mellom anna streaming, filming, fotografering, profilering, design og marknadsføring. Bedrifta har hatt både lokale kundar frå Sogn og Fjordane, men også internasjonale kundar. 2mka har arbeidd med oppdraga først og fremst i faget Yrkesfagleg fordjuping, med faglærarane Ole Johnny Devik og Johnny Flaten. Lærarane til 2mka er stolte over klassen, og kva dei har fått utretta gjennom ungdomsbedrifta Bit & Byte.

2mka med ungdomsbedrifta Bit & Byte vann tre prisar på Fylkesmessa, foto - Johnny Flaten.jpg

Over: Bit & Byte med to av dei tre prisane dei mottok på messa. Foto - Johnny Flaten. Frå venstre ser vi Andreas F. Olsen, Stig Oskar Naustdalslid, Malin R. Haukaas, Sebastian J. Haukås (bakerst), Linda B. Skilbrei (framme), og Jim Steven T. Igland. Til høgre ser vi arrangør Holger Aasen (NHO og Ungt entreprenørskap). I tillegg til elevane som er avbilda, så er også Trygve S. Nilsen, Elise Håvåg, Sivert Rygg, HildeGunn Brustad, Martha Linnea Pukallus og Matias M. Skjølberg med i bedrifta.

Ungdomsbedrifta Bit and Byte på utstillingsstanden, og på scena for å motta pris, foto Mona Fossdal.jpg

Over: Ungdomsbedrifta Bit and Byte på utstillingsstanden, og på scena for å motta pris. Foto Mona Fossdal​

Tips ein ven Skriv ut