Utdanningsval våren 2018 – KDA

Utdanningsval ved Hafstad vgs 12.-13. mars

I veke 11 hadde vi besøk av rundt 140 hospitantar under utdanningsval på Hafstad vgs. Hospitantane fekk informasjon, deltok på ulike aktivitetar, og fekk også prøve ut korleis det er å vere elev på dei tre programområda - studiespesialisering, kunst, design og arkitektur, og medium og kommunikasjon. (Klikk på tittelen for å få opp foto frå dagane)

Studiespesialisering:

Måndag 12. mars - tysdag 13. mars:

Alf-Tore Kirkeli: Oppgåve med animasjon

Animasjon i IT-faget under utdanningsval, foto - Alf-Tore Kirkelid.jpg

Her kan du sjå små filmar av kva elevane jobba med i IT-faget:

Film 1    Film 2    Film 3    Film 4    Film 5

Kunst, design og arkitektur:

Måndag 12. mars:

Opplegg på føremiddagen, med Mona Fossdal:

Orientering om programområdet, deretter ei praktisk oppgåve - der elevane lærte å arbeide med scraperboardteknikken. Dei tok utgangspunkt i fotomotiv, og teikna hovudlinjene frå motivet over på svart scraperboardkartong. Deretter nytta dei skalpellar for å skrape fram detaljar og teksturer i motivet.

Utdanningsval KDA 12 mars 2018.jpg

Over: Hospitantane arbeider med scraperboardteknikken. Foto: Mona Fossdal

Utdanningsval KDA scraperboardteknikk.jpg

Over: Hospitantane arbeider med scraperboardteknikken. Foto: Mona Fossdal

 

Opplegg på ettermiddagen, med Karoline Vie:

Elevane fekk prøve seg på litt enkel sårsminke i første del av timen.

Sårsminke, utdanningsval KDA - Foto Karoline Vie.jpg

Over: Hospitantane arbeider med sårsminke. Foto: Karoline Vie

Etter å ha testa ut sårsminke, fekk elevane lånde digitale teiknebrett og PC-ar. Dei fekk først ei lita forklaring på ei oppgåve i digital teikning, før dei sjølve fekk prøve å teikne i Photoshop ved hjelp av dei digitale teiknebretta. Vi hadde også besøk frå Nederland, og denne studenten viste litt av sin eigen teiknemetode på storskjerm. Nokre av elevane torde seg fram etter kvart for å teikne på storskjerm dei også.

Utdanningsval KDA, digital teikning med Karoline Vie.jpg

Over:Hospitantane arbeider med digital teikning. Foto: Karoline Vie

 

Tysdag 13. mars:

Opplegg på føremiddagen, med Wenche Steinsvik:

Tema: Mennesket i kunsten frå Antikken til Picasso. Picasso var den store fornyaren av moderne kunst. Frå stor museumskunst, til gatekunst.

Første oppgåve. Plassere rett bilde i rett stilepoke.

Andre oppgåve. Teikne/drodle intuitivt vidare på ei teikning etter eit lite utklipp frå eit gatekunstverk.

Utdanningsval KDA med Wenche Steinsvik.jpg

Over: Elevarbeid med utgangspunkt i eit utklipp frå eit gatekunstverk. Foto: Wenche Steinsvik

Opplegg med Svein Myklebust og Grete Huus:

Design og utarbeiding av ein modell til portal

Utarbeiding av ein portal, foto - Wenche Steinsvik 2018.jpg

Over: Utarbeiding av ein portalmodell. Foto - Wenche Steinsvik 

Utdanningsval på KDA, foto - Wenche Steinsvik.jpg

Over: Tre hospitantar, og ein portal. Foto - Wenche Steinsvik 

Medium og kommunikasjon:

Måndag 12. mars og tysdag 13. mars:

Opplegg med workshops, der elevar frå 2mka stod for opplæring av film, foto, grafisk design og radio:

Foto, Medium og kommunikasjon - utdanningsval, foto Mona fossdal.jpg

Over: Fotografering i glasgården og utandørs, Foto - Mona Fossdal

Foto, Medium og kommunikasjon - utdanningsval, Blide jenter, foto Mona fossdal.jpg

Over: Fotografering i glasgården og utandørs. Foto - Mona Fossdal

Over: Bilete frå fotostudio, Foto - Mona Fossdal

Foto i studio, Medium og kommunikasjon - utdanningsval, foto Mona fossdal.jpg

Over: Bilete frå fotostudio. Foto - Mona Fossdal

Grafisk design.jpg

Over: Grafisk design med Amalie og Mark Steven frå 2mka som vegleiarar. Foto - Mona Fossdal

Radio og filmredigering.jpg

Over: Arbeid med radio/lydmedium (til venstre), og filmredigering (til høgre). Foto - Mona Fossdal

Tips ein ven Skriv ut