Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek/Utlåns- og ordensreglar

Utlåns- og ordensreglar ved biblioteket

Utlånsreglar:

  • Lånetida på bøker er 4 veker
  • For tidsskrift og blad er det 14 dagars lånetid

Du kan bruke sjølvbetjent lånemaskin viss du har lånekort. Alle elevar har lånekort på baksida av ID-kortet som dei får ved skulestart. Dette lånekortet kan òg brukast ved folkebiblioteka i Noreg.

Har du gløymt lånekortet fyller du ut eit manuelt låneskjema som ligg ved skranken.

Levering skjer i luka på sida av skranken i biblioteket.

Ordbøker kan lånast som dagslån, men elevar ved Sogndal vgs bør sjølve skaffe seg dei ordbøkene dei treng gjennom skuleåret!

Ordensreglar:

Biblioteket skal vere ein triveleg og ryddig arbeidsplass for alle! Difor:

Rydd opp etter deg, også i bokhyllene!

Mat skal ikkje nytast i biblioteket, bruk kantina!

Det skal vere arbeidsro i biblioteket.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Else Brita Ness
Bibliotekar
else.brita.ness@sfj.no
57 67 64 29