Sogndal vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Utleige

Sogndal Idrettshall

Sogndal Idrettshall er ein fleirbrukshall eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan Sogndal vidaregåande skule har ansvaret for den daglege drifta.

Hallen har full handballbane med parkettgolv som kan delast i 4 små salar. Symjehallen har konkurransemål, 12x25, og er oppvarma til revmatikarbading kvar anna helg. Hallen held god standard med omsyn til lys, ventilasjon, varme og  naudutgangar.

Kven brukar hallen

På dagtid er det Sogndal vgs som er hovudbrukar av hallen, i tillegg vert symjehallen brukt av alle grunnskulane i Sogndal og Leikanger kommune og Høgskulen på Vestlandet.

Kveld og helg er det SIL handball, Fjøra handball, SIL symjegruppa, Norane IL, elevar ved Sogndal vgs, ulike mosjonsgrupper, Sogndal og Leikanger revmatikarforeining, Sogndal kommune, offentleg bading og bedriftstilbod til Sogndal vgs og Høgskulen på Vestlandet som er hovudbrukarar av hallen.

I tillegg vert hallen leigd ut til ulike arrangement.

Opningstider

Hallen er open på kveldstid frå 15.30-21.30 frå september til medio mai. Hallen er stengd i skulen sin haust-, jule-, vinter- og påskeferie.

Informasjon om treningstider for elevar og tilsette i styrkerom, basseng og idrettshall, sjå lenke til høgre.

Offentleg bading sesongen 17/18

Frå 30. august:

  • Onsdagar 18 - 20
  • Torsdagar 18 - 21
  • Annakvar søndag 13.30 - 16 (oppvarma basseng)
    10. sept, 24. sept, 8. okt, 22. okt, 5. nov, 19. nov, 3. des og 17.des

    Alle dagar fellesbadstova

PRISAR

Prisar Billett Klyppekort
Born 50 300
Studentar 60 400
Vaksne 90 600

Utleigeprisar

  Måndag-fredag Laurdag-søndag  
  kr/time kr/time  
Heil hall, 4 salar og garderobe 600 750  
Trekvart hall, 3 salar og garderobe 450 690  
Halv hall, 2 salar og garderobe 325 600  
Kvart hall, ein sal og garderobe 170 420  
Garderobe, pr. stk. når hallen er open 130 150  
Symjehall inkl. garderobe med badevakt 790 1000  
Badstue inkl. garderobe 130 150  


For leige av andre rom, kontakt kontorsjef Odd Rune Heggestad på epost: odd.rune.heggestad@sfj.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anna-Karin Clarin.jpg

Anna-Karin Clarin 
Hallstyrar
Anna-Karin.Clarin@sfj.no
57 65 47 16 / 976 90 733

Vakt i hallen på kveldstid (16.00-21.30)
 479 78 246
sogndal.idrettshall@sfj.no

Relaterte lenker