Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Slik jobbar vi/Utvikling og kvalitet
Bilete av Hafstad vgs, saman med glaskunst/utsmykning av Lise Stang Lund

Utvikling og kvalitet

Overordna mål

Elevane opplever eit læringsmiljø som stimulerer til lærelyst, engasjement og nysgjerrigheit.

Skulen skal oppnå dei beste resultata i Sogn og Fjordane ved sentralt gitt eksamen.

Relasjonsbygging- med vekt på motivasjon, profesjonsutvikling og samarbeid

Vi skal arbeide mot desse tre overordna kvalitetsmåla skuleåret 2017-2018:

1.       ELEVANE opplever skulekvardagen trygg og støttande både psykososialt og fagleg

2.       LÆRARANE fremjar motivasjon gjennom fagleg samarbeid og gjennom å bygge gode relasjonar

3.       LEIINGA utøver ei strukturell støtte som fremjar relasjonsbygging og kompetanseheving

utviklingsplanen for Hafstad vgs 2017-18 kan du lese meir om satsingsområda.

Utviklingsprosjekt og satsingar

Hafstad vgs er for tida involvert i fleire spennande prosjekt, blant anna skulevandring, drømmeskolen,  den kulturelle skulesekken og internasjonalisering.

Her kan du også lese ein rapport  for ekstern skulevurdering ved Hafstad vgs - frå førre skuleår. Rapport ekstern skulevurdering hausten 2016

Tips ein ven Skriv ut