Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Vaksenopplæring

Vaksenopplæring

Det er ingen øvre aldersgrense for å søkje vidaregående opplæring. Nokre vaksne har ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Vaksne utan slik rett kan søkje, men vil bli prioritert etter vaksne med rett. Utdanning på vidaregående nivå gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden.

For å få tilbod om vaksenopplæring/realkompetansevurdering, må du sende inn søknad her.

Du må óg sende inn kopiar av vitnemål og attestar til oss. Desse kan sendast i brev til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arkivtenesta
Askedalen 2
6863 Leikanger

Du kan sende kopiane elektronisk til postmottak.sentraladm@sfj.no, merka «vaksenopplæring».

Søknaden med kopiar av vitnemål og attestar vil gi grunnlag for å slå fast om du har lovfesta rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 4A-3 i opplæringslova, og kva du treng vidare for å nå ditt opplæringsmål.

Du kan søke kontinuerleg, men ynskjer du å starte opplæring frå hausten, må du søke innan 1.mars. Søker du innan 1.september, kan du få opplæringstilbod i januar. Etter innsendt søknad, vil det bli gjennomført kartlegging og vurdering av kompetansen din, og du vil få rettleiing i korleis du kan nå sluttkompetansen du søker.

Dette bør du vite:

  • Vaksne over 25 år som har fullført grunnskule eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.
  • Denne opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa vaksne sin arbeids- og livssituasjon.
  • Du har rett til å få vurdert den realkompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller har tileigna deg på annan måte.
  • Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med deler av opplæringa.
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr i all hovudsak vidaregåande opplæring for vaksne som nettbaserte kurs i kombinasjon med fysiske samlingar
  • Både realkompetansevurdering og opplæring er gratis for vaksne med rett etter 4A-3 i Opplæringslova.

Realkompetansevurdering

Mange vaksne har gjennom arbeidserfaring og kurs tileigna seg kunnskap som fullt eller delvis dekkjer krava i læreplanen for den ønska opplæringa. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane sine og få godkjent det ein kan, i høve dei krav læreplanen stiller.

Korleis få vurdert realkompetansen din?

Du må søkje gjennom vigo.no for å få vurdert realkompetansen din.

Er du vaksen utan rett til vidaregåande opplæring, har du likevel krav på å få vurdert realkompetansen din. Du må då betale for tenesta sjølv, eller NAV kan betale dersom det er dei som har bedt om ei slik vurdering.

Tips ein ven Skriv ut