Eid%2Bvidaregåande%2Bskule%2Bmed%2Bsjøutsikt%2B1024x384 (4)

Velkomen til nytt skuleår

Måndag 15.august kl. 8.45 ønskjer vi velkomen i Kultursalen/Operasalen på Eid vgs til første skuledag. Der blir de ønskt velkomen og blir ropt opp til dei ulike klassane. Deretter går alle i klassane sine og møter lærarar, får informasjon, får omvising eller rett og slett startar undervisninga!

Alle elevar får lærebøkene/boklisensane sine første veka på skulen. Alle elevar i Sogn og fjordane skal ha eigen berbar PC med på skulen kvar dag. Anna utstyr som skrivesaker og skrivebøker må du skaffe sjølv. Den vedlagte avtalen seier noko om rettar og plikter i forhold til utstyr på skulen. Hugs å ta med underskriven avtale til skulestart.

 

Alle vg1-elevane i Sogn og fjordane får tilbod om å nytte seg av elev-PC-ordninga i fylkeskommunen. Informasjon om ordninga finn du på sfj.no/elevpc. Du kan òg velje å bruke din eigen PC.

 

På TIP kjem alle bøkene til å vere digitale. Elevane på TIP kan derfor bruke eigne nettbrett. Men andriode nettbrett støttar ikkje dei digitale lærebøkene, så andriode nettbrett kan ikkje brukast. Dei digitale lærebøkene kan òg lesast på ein vanleg berbar PC.

 

Søknad om lån og stipend til Statens lånekasse skal gå elektronisk på lanekassen.no. Hugs at alle får utstyrsstipend/grunnstipend etter kva for utdanningsprogram dei går på, så det er berre å søkje.

 

I starten av skuleåret skal alle elevar ha ein velkomstsamtale med kontaktlæraren sin. Viss du har ei digital presentasjonsmappe eller noko liknande der du presenterer deg sjølv, kan du gjerne ta ei utskrift av den som kontaktlæraren din kan få lese før samtalen.

 

Lurer du på kvar du finn skulen eller har andre spørsmål? Meir informasjon finn du på heimesida vår eid.vgs.no eller på Facebook.

 

Vi ønskjer deg hjerteleg velkomen som elev ved Eid vidaregåande skule og vonar du får ei lærerik og god tid ved skulen.

 

Med helsing
Ove Bjørlo
Rektor ved Eid vidaregåande skule

 

Tips ein ven Skriv ut