Adil Khan

Velkommen til foredrag med Adil Khan 21. september

Kl. 12.00-13.30 : Elevar v/ Hafstad vgs. + 10 klasse Halbrend ungdomsskule. Kl.  18.00-19.30: foredrag for foreldre og andre interesserte på Hafstad vidaregåande skule, kantina. Adil Khan er kjent frå programma Dansefeber og Norske Talenter og har sia den gong blitt ein kritikarrost skikkelse på den norske kulturscena.

I sitt ærlege og direkte foredrag tar Adil opp tema alle vil kjenne seg att i. Om det å bli sett og inkludert, tydinga av et smil og et klapp på skuldra, det å bli anerkjent for den du er og kva du gjer og presterar. Han snakkar engasjert frå si eiga livshistorie; om håp og at alt er mogleg med fokus, empati, hardt arbeid og ein draum.

Temadagen er eit ledd i det førebyggande arbeidet i kommunen (SLT), og er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs, Halbrend og Førde ungdomskule, Ungdomens Bystyre i Førde og politiet.

Tips ein ven Skriv ut