Sogndal vidaregåande skule
Ingress_Adil

Verdensdagen for psykisk helse - 22.oktober

Den kjende dansaren Adil Khan kjem til Sogndal for å markere verdensdagen for pyskisk helse

Årleg vert Verdensdagen for psykisk helse markert nasjonalt , datoen er 10.oktober. Her ved Sogndal VGS markerer me dagen måndag 22.oktober med arrangement i Sogndal Kulturhus for alle VG2 og VG3 elevar.

Våren 2017 gjennomførde mange skular ei UngData-undersøking. Denne undersøkinga skulle gje eit grundig svar på korleis ungdommane i Sogn og Fjordane og landet elles har det.

Det kom blant anna fram at ungdommane vert meir slitne og bekymra for framtida si dess lenger ein kjem i skuleløpet sitt. På bakgrunn av dette ynskte me å ha ei større markering av verdensdagen for psykisk helse. Maria Kalhagen, 3ST-elev, er initiativtakar og aktivt med i planleggjingsprosessen.

 Årets tema for verdensdagen for psykisk helse er «Vær raus». Me har valt å leiga kulturhuset, og fått Adil Khan, kjend frå «Norske talenter» og «Adil’s hemmelige dansere» til å halde eit foredrag for VG2 og VG3-elevane på Sogndal vgs. 

Adil Khan fortel om motgang, utenforskap, tilhørighet, inkludering, mestring, selvverd, mot og kjærlighet. Kan ein snu motgang i sitt liv om til ein styrke?

Adil fortel og kor viktig raushet, tilhørighet og sårbarhet er for den psykiske helsa.

Tips ein ven Skriv ut