Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Restaurant- og matfag/Vg1 Restaurant- og matfag

Vg1 Restaurant- og matfag

På Vg1 Restaurant- og matfag lærar du grunnteknikkar innan matlaging, baking, servering og arbeid med kjøtt og fisk. I løpet av skuleåret gir faget yrkesfagleg fordjuping deg praksis i det yrket du ynskjer å fordjupe deg i.

Det er mange ulike yrke innanfor kokk-, servitør-, fiske-, kjøtt-, bakar- og konditorfag i tillegg til matindustrien.

Vg1 Restaurant og matfag dannar grunnlag for fagbrev/svennebrev innanfor 12 yrke. Desse yrka er:

  • Institusjonskokk
  • Kokk
  • Servitør
  • Bakar
  • Konditor
  • Slaktar
  • Kjøttskjerar
  • Pølsemakar
  • Butikkslaktar
  • Sjømathandlar
  • Fagarbeidar, sjømatproduksjon
  • Fagarbeider, industriell matproduksjon

Etter fullført Vg1 kan du halde fram med dette programområde hjå oss:

Vg2 kokk- og servitørfaget

Restaurant og matfag passar for deg som er glad i halde på med mat, er kreativ og kan ta ansvar for andre menneske si mat og helse. For å kunne kalle deg ein fagarbeidar må du bestå ei fagprøve/svenneprøve etter avslutta opplæring (4 år). 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingunn Weka
Ingunn Weka
Avdelingsleiar
Studiespesialisering
(norsk og språk) /
Restaurant- og matfag
57 67 64 10 / 959 96 947
ingunn.weka@sfj.no