Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

På Vg1 Teknikk og industriell produksjon ved Sogndal vidaregåande skule får du ein god blanding av praktisk og teoretisk opplæring.

Fag på Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 12 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 6 timar pr. veke

Programfag

  • Produksjon, 7 timar pr. veke
  • Dokumentasjon og kvalitet, 5 timar pr. veke
  • Tekniske tenester, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer me gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Matematikk, 3 timar per veke
  • Engelsk, 3 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Naturfag, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Etter at du er ferdig med Vg1 Teknikk og industriell produksjon kan du velje mellom fleire fag på Sogndal vgs:

  • Vg2 Køyretøy
  • Vg2 Anleggsteknikk
  • Vg2 Transport og logistikk

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

vilbli.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no