Sogndal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag/Vg2 Automatisering
Automatisering er eit nytt tilbod på Eid vgs frå hausten 2016

Automatisering er eit nytt tilbod på Eid vgs frå hausten 2016

Vg2 Automatisering

Nordfjord har eit stort fagmiljø innan elektro og automasjon, og skulen samarbeider tett med næringslivet. På elektro på Eid vgs blir du involvert i mykje av det spanande som går føre seg på skulen og i Operahuset. Du kan vere med å gjere klar lysriggar for sceneshow, styre følgjespot på musikal og opera, arrangere LAN, bygge lysinnstallasjonar til scena.  

Skulen har eit stort samarbeidsprosjekt med andre skular og næringsliv om velferdsteknologi. Dette bir eit viktig fagfelt i framtida, og Eid vgs vil vere med i fremste rekkje med å utdanne elevar med rett kompetanse. 

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar per veke
  • Programfag: 17 timar per veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar per veke

Programfag

  • Automastieringsystem, 12 timar pr veke
  • Elenergisystem, 5 timar pr veke

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Engelsk, 2 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Etter at du er ferdig med vg2,  kan du gå vidare til vg3 automatisering

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@sfj.no