Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag/Vg2 Elenergi
Elev som monterar i lyktestolpe

Foto: Focus UB

Vg2 Elenergi

På Vg2 Elenergi kan du blant anna utdanne deg til elektrikar, tavlemontør, energioperatør eller energimontør. Etter to år på skule, er du klar til å gå ut i 2,5 års læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis i 4 veker på vårparten av skuleåret.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Automatiseringssystem, 5  timar pr. veke
  • Elenergisystem, 7 timar pr. veke
  • Data- og elektronikksystem, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift 4 veker i løpet av skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar pr. veke
  • Engelsk, 2 timar pr. veke
  • Norsk, 2 timar pr. veke
  • Kroppsøving, 2 timar pr. veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle.jpg
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no