Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Ein barne- og ungdomsarbeidar er kvalifisert til å jobbe med barn i barnehage, SFO og 1.- 4. klasse i grunnskulen.

I tillegg er ein kvalifisert for arbeid med ungdom innan ulike offentlege og private tiltak.

Barne- og ungdomsarbeideren må ha kunnskap om menneske og om kva som påverkar menneske sin adferd og livssituasjon.

Som barne- og ungdomsarbeidar skal ein planlegge, legg til rette og gjennomføre ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom for å stimulere til vekst og utvikling. Du hjelper barn med å få ein sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel, fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring. Målet er å lære barn og unge til å ta ansvar for sitt eiga liv. Som barne- og ungdomsarbeider skal du være ein god rollemodell for barn og unge.

I opplæringa får ein bruk for kreative og estetiske evner og interesser.

Ved fullført Vg2 er ein kvalifisert for å søkje vidare opplæring i bedrift i Barne- og ungdomsarbeidarfaget, opplæring i bedrift i Portørfaget eller påbygging til generell studiekompetanse.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mona Øvereng Ylvisåker.jpg
Mona Øvereng Ylvisåker
Avdelingsleiar Idrettsfag /
Helse- og oppvekstfag
57 65 46 82
416 80 306
mona.overeng.ylvisaker@sfj.no