Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag/Vg2 Data og elektronikk

Vg2 Data og elektronikk

På Vg2 Data og elektronikk kan du blant anna utdanne deg til dataelektronikar (arbeider med IKT, serverdrift, installasjon og reparasjon av PC og andre elektroniske system), telekommunikasjonsmontør (2,5 års læretid etter Vg2) eller romteknolog.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Data- og elektronikksystem , 10 timar pr. veke
  • Elektronisk infrastruktur, 7 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Engelsk, 2 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Etter at du er ferdig med Vg2, kan du gå vidare til Vg3 dataelektronikarfaget ved Sogndal vgs. Etter Vg3 venter 1,5 års læretid i bedrift.

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle.jpg
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no