www.sogndal.vgs.no

Vg2 Klima-, energi- og miljøteknikk

Vil du bli røyrleggar, ventilasjon- og blikkslagar eller taktekkar? Vil du vere med og skape verdiar og bygge Noreg? Interessert i å lære om og montere/vedlikehalde tekniske anlegg i uteareal og bygningar? Du som vel klima-, energi og miljøteknikk bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Det er ein føresetnad at du liker fysisk arbeid og har interesse for praktiske fag.

Etter to år på skule er du klar til å gå ut i 2 eller 2,5 års (røyrleggjarfaget) læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis 2 dagar pr. veke i delar av skuleåret.

Klima-, energi- og miljøteknikk fører til fagbrev innanfor faga:

  • Rørleggjarfaget
  • Ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • Tak- og membrantekkjarfaget

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Produksjon, 12 timar pr. veke
  • Bransjelære, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift 2 dagar pr. veke i store deler av skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Engelsk, 2 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle.jpg
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no