Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/Vg2 Køyretøy

Vg2 Køyretøy

Du som vel å utdanne deg i køyretøyfaget møter både spennande vedlikehaldsarbeid og komplekse feilsøkingsoppgåver. I eit moderne køyretøy finn ein mykje elektronikk, og personbilparken vert stadig meir elektrifisert. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

Etter to år på skule er du klar til å gå ut i 2 års læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis 3 dagar pr. veke i 8 veker gjennom skuleåret. Drift av ungdomsbedrift UB vert brukt som metode i den praktiske opplæringa.

Etter Vg2 kan du velje å utdanne deg innan:

  • Bilfaget, lette køyretøy
  • Bilfaget, tunge køyretøy
  • Hjulutrustingsfaget
  • Motormekanikarfaget
  • Motorsykkelfaget
  • Reservedelsfaget

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Verkstadarbeid, 12  timar pr. veke
  • Dokumentasjon og kvalitet, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Drift av ungdomsbedrift UB
  • Utplassering i bedrift 3 dagar pr. veke i 8 veker gjennom skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Engelsk, 2 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no