Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Vg2 Sal, service og tryggleik

Vg2 Sal, service og tryggleik

Elevane er utplasserte ein dag i veka i sjølvvald bedrift, ofte på heimplassen sin. Dei fleste er utplasserte innan salsfaget (ikkje berre butikk) eller kontorfaget, då vi har få utplasseringsplassar innan tryggleiksfaget (har berre SIL sine heimekampar). Vi lagar eigne opplegg for dei som ønskjer utplassering i reiselivsbedrifter og vil ta reiselivs- eller resepsjonsfaget. Utplasseringsdag er fredag eller måndag slik at hybelbuarar skal kunne reise heim ein dag tidlegare eller vere heime ein dag lenger i samband med helg, dersom dei ønskjer utplassering i heimkommunen sin.

All teoriundervisning i programfaga vert konkretisert med oppgåver der eleven skal finne døme i utplasseringsbedrifta.

Mange av elevane held fram som lærling i bedrifta dei var utplasserte i. Både salsfaget og kontorfaget gjev eit godt grunnlag for vidare studier på ulike høgskule eller universitet.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tor Arne Hov
Tor Arne Hov
Opplæringsleiar /
Avdelingsleiar
Service og samferdsel / Yrkessjåfør
57 67 64 03
473 04 400
tor.arne.hov@sfj.no