Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Vg2 Transport og logistikk

Vg2 Transport og logistikk

Elevane er utplasserte i sjølvvalde bedrifter, innanfor både transport og logistikk. Elevane frå ungdomskulane kjenner ofte godt til transportdelen av denne linja, men lite til logistikkdelen. Logistikkfaget er eit fag i vekst både når det gjeld jobbmoglegheiter og høgskulestudium. Vi oppmodar elevane om å undersøkje dette fagområdet meir.

All teoriundervisning i programfaga vert konkretisert med oppgåver der eleven skal finne døme i utplasseringsbedrifta.

Mange av elevane held fram som lærlingar i bedrifta dei var utplasserte i. Både transport- og logistikkfaget gir gode moglegheiter for vidare studie på høgskulenivå.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tor Arne Hov
Tor Arne Hov
Opplæringsleiar /
Avdelingsleiar
Service og samferdsel / Yrkessjåfør
57 67 64 03
473 04 400
tor.arne.hov@sfj.no