Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
01 3sfa installasjonar i Førdehuset

VG3-elevar med installasjonar i Førdehuset

Klasse 3sfa ved Hafstad vgs står bak dei spennande installasjonane som de for tida kan sjå i fellesareala i Førdehuset. Klikk på tittelen for å få fram meir informasjon om dette prosjektet, og for å sjå bilete av installasjonane.

Kan kunst seie meir enn tusen ord?

Tekst: Wenche Steinsvik

Klasse 3sfa har i desse dagar utstilte arbeid i fellesarealet i Førdehuset. Arbeida vart til etter eit besøk på kunstmuseet, der elevane sjølve var omvisarar på to engasjerande utstillingar; Krig og fred og religion og politikk og sånn, og SMAK AV BOK.

02 Installasjonar av 3sfa collage 1 - Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

Sansing gjennom det taktile/materiale er ei bru til tanken; sagt av kunstprofessor Jorunn Veiteberg.

Ideen om dette gav utgangspunktet, i lag med ei innføring i konseptkunst og gjennomgang av kompetansemåla. Dei valte kompetansemål for denne oppgåva, handlar om at elevane skal kunne kombinere ulike materiale og teknikkar i arbeid med installasjonar. Og at dei skal kunne skape sjølvstendige uttrykk i ulike materiale med utgangspunkt i aktuelle hendingar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt.

3sfa - installasjonar i Førdehuset - Foto Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

Tema elevane valte for installasjonane sine, var blant anna, kroppsfiksering, plast i naturen, den digitale revolusjonen, m.fl.

Elevar og lærarar er vært takksame for den inspirasjonen kunstmuseet gav, for velviljen frå Førdehuset, og for bøkene som Førde bibliotek donerte.

04 Installasjonar av 3sfa collage 2 - Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

3sfa installasjon med greiner, foto Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

Installasjon med inspirasjon frå Donald Trump - Foto Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

Installasjon av 3sfa - Foto Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

Tre svartkvitt Foto Silja Juklestad

Installasjonar av 3sfa: Foto Silja Juklestad

Involverte lærarar i prosjektet: Wenche Steinsvik, Silja Juklestad og Karoline Vie

Tips ein ven Skriv ut