www.sogndal.vgs.no

Bilete syner elevar som lærer seg oppmålingsutstyr

Foto: Focus UB

Vg2 Anleggsteknikk

Vil du vere med og skape verdiar og bygge Noreg? Ynskjer du å utføre ingeniørkunst med anleggsmaskiner og sette synlige spor etter deg med flotte veganlegg, tunellar, murar og byggjefelt? Du som vel anleggsteknikk må ha praktisk sans, mekanisk sans, vere nøyaktig og ha evne til å utføre arbeid med maskiner. Du må like fysisk arbeid, ha god fysisk form og må ha interesse for praktiske fag.

Etter to år på skule er du klar til å gå ut i 2 års læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis 2 dagar pr. veke i store delar av skuleåret. Øvingsområdet til anleggsteknikk på Sogndal vidaregåande skule ligger på Kaupanger. Dette er bygd opp slik at du får god opplæring i bruk av anleggsmaskiner og praktisk arbeid knytt til kompetansemåla i læreplanen.

Etter Vg2 kan du velje å utdanne deg innan:

  • Anleggsmaskinførar
  • Asfaltfaget
  • Banemontørfaget
  • Fjell og bergverksfaget
  • Veg- og anleggsfaget

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i:

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Produksjon, 12 timar pr. veke
  • Bransjelære, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift 2 dagar pr. veke i store deler av skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Engelsk, 2 timar per veke
  • Norsk, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om:

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle.jpg
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no