www.sogndal.vgs.no

Vinnar av FLL vart Volda Legoklubb

Vinnar av FLL vart Volda Legoklubb

Volda Legoklubb var best

Volda Legoklubb vann robotkonkurransen og gjekk av med den gjævaste prisen i årets First Lego League-konkurranse på Nordfjordeid.

I dag vart det arrangert regionale finalar i kunnskapsturneringa First Lego League (FLL) i Operahuset Nordfjord. Dette er ein konkurranse for barn og unge mellom 10 og 16 år der laga må jobbe med mange ulike fagfelt.

Det er om å gjere å ha gode innovative løysingar på ei gitt problemstilling og der forsking, marknadsføring, samarbeid, tekniske løysingar, programmering og robotkøyring vert vektlagt.

Årets gjevaste pris FLL Champion gjekk i år til Volda Legoklubb. Dette laget vann 1. prisen i robotkøyring og var det laget som samla sett fekk flest poeng.  Dei får reise til den nordiske meisterskapen i Bodø. 

Les meir og sjå fleire bilder på www.fjordabladet.no

Tips ein ven Skriv ut