Foto som syner tre elevar på opplæringsfartøyet "Skulebas" Dei tre har redningsvestar og gule hjelmar. Foto: Måløy vidaregåande skule
Foto som syner tre elevar på opplæringsfartøyet "Skulebas" Dei tre har redningsvestar og gule hjelmar. Foto: Måløy vidaregåande skule

Maritime fag er blant fagområda der det trengst fleire læreplassar. Per i dag står 19 ungdomar utan læreplass i desse faga. Foto: Måløy vidaregåande skule.

170 utan læreplass

Arbeids- og næringslivet i fylket ropar etter kvalifisert arbeidskraft, samstundes som 170 ungdomar no står utan læreplass. Fylkeskommunen etterlyser fleire lærebedrifter.

For å få fullført fagutdanninga si, er ungdomane avhengige av at næringslivet tek inn lærlingar. Slik kan dei også sikre seg kvalifisert arbeidskraft for framtida.

Innafor desse bransjane står flest ungdommar utan tilbod om læreplass per i dag:

  • Anleggsbransjen (10)
  • Bilbransjen (14)
  • Elektrobransjen (19)
  • Barne- og ungdomsarbeidar (13)
  • Helsearbeidar (10)
  • Industrifag (24)
  • Maritime fag (19)
  • Tømrar (14)
  • Røyrleggjar (8)
  • Salsfaget (9)

Etterlyser lærebedrifter

For den einskilde ungdommen er det lite tilfredstillande å gå i uvisse om dei får seg lærekontrakt eller ikkje. All statistikk for gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at fråfallet er størst i overgangen frå skule til opplæring i bedrift.

– Vi oppmodar alle bedrifter som er godkjende lærebedrifter, til å ta inn ein lærling, eller kanskje ta inn ein eller to ekstra, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim

Bedrifter som ikkje har hatt lærlingar før, kan ta kontakt med fylkeskommunen om godkjenning som lærebedrift. 

Kontaktperson

Sissel Brusegård
Teamleiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
405 24 464
sissel.brusegard@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00