Sogndal vidaregåande skule
Nybygde Goteviktunnelen i Vik

Nybygde Goteviktunnelen i Vik

2ELA på synfaring i nybygd tunnel

Elevane i vg2 Elenergi var med på synfaring i den nybygde Goteviktunnelen i Vik. Det var ei flott oppleving å gå rundt på anlegget som no er i testfase før opning, og det var mykje interessant å sjå på både innan energi, automasjon og teledatafaget.

MESTA AS Elektro og Sogndal vidaregåande skule har eit samarbeidsprosjekt, Yrkesfaglærar 2, der målet er at elevane skal få god kjennskap til dei ulike yrka innan deira utdanningsretning.

Tusen takk til Mesta AS Elektro for ein fantastisk fagleg god dag !