Kompetent, open og modig
Vi er opptekne av at du skal trivast hjå oss, og vi er opne, rause og inkluderande med kvarandre. Saman skal vi jobbe for å få fram det beste i alle elevar slik at dei fullfører opplæringa. Ved skulen er det om lag 750 elevar og 140 tilsette. Hjå oss møter du elevaktiv undervisning, medverknad i klasserommet og variert undervisning og vurderingspraksis. Vi har eit breitt tilbod innanfor studiespesialiserande, idrett og yrkesfagleg utdanningsprogram.Du skal ha det bra på skulen
Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for at det er eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleve tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.Aktuelle saker
22.03.2024
Innkalling til digitalt foreldremøte om språktur våren 2025
Vi kallar inn til digitalt foreldremøte i Teams onsdag 10. april klokka 18.00 for å diskutere korleis turen skal finansierast og svare på eventuelle spørsmål.
12.03.2024
Foreldremøte om inkludering 13. mars 2024
Velkomen til foreldremøte om inkludering for vg1 og vg2 studiespesialiserande og idrett om inkludering onsdag 13. mars klokka 18.00 i kantina på Sogndal vgs.
19.01.2024
Informasjon til føresette og ungdommar om Ungdata-undersøkinga i Vestland 2024
I 2024 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Vestland blant elevar i den vidaregåande skulen. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 4 til 7. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida.