Hopp til hovedinnhold
Hovudinngangen på skulen

Kompetent, open og modig

Vi er opptekne av at du skal trivast hjå oss, og vi er opne, rause og inkluderande med kvarandre. Saman skal vi jobbe for å få fram det beste i alle elevar slik at dei fullfører opplæringa. Ved skulen er det om lag 750 elevar og 140 tilsette. Hjå oss møter du elevaktiv undervisning, medverknad i klasserommet og variert undervisning og vurderingspraksis. Vi har eit breitt tilbod innanfor studiespesialiserande, idrett og yrkesfagleg utdanningsprogram.
 Eit aktivt elevråd er eit gode for ein kvar skule.

Du skal ha det bra på skulen

Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for at det er eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleve tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.

Aktuelle saker

15.04.2024

Medieelevar i journalistrolla: intervjuoppdrag for Sogn Avis

Fem smilande elevar sit tett i ein sofa.
22.03.2024

Innkalling til digitalt foreldremøte om språktur våren 2025

Vi kallar inn til digitalt foreldremøte i Teams onsdag 10. april klokka 18.00 for å diskutere korleis turen skal finansierast og svare på eventuelle spørsmål.

Kofferter på rad og rekke
12.03.2024

Foreldremøte om inkludering 13. mars 2024

Velkomen til foreldremøte om inkludering for vg1 og vg2 studiespesialiserande og idrett om inkludering onsdag 13. mars klokka 18.00 i kantina på Sogndal vgs.

19.01.2024

Informasjon til føresette og ungdommar om Ungdata-undersøkinga i Vestland 2024

I 2024 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Vestland blant elevar i den vidaregåande skulen. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 4 til 7. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida.

Bilete av elev ved pc, Ungdata-undersøkinga i Vestland 2024
12.01.2024

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2023/2024

Bilete av hendene til ein elev som skriv på PC