BAT_sak

Høg aktivitet på Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk ved Sogndal vgs kan sjå tilbake på skuleåret 2017/18 som eit år med stor aktivitet. 

Både Vg1 og Vg2 har hatt hendene fulle med både små og store oppdrag. Av desse kan nemnast:

- 2 stk uteboder på 3x4 m

- Dokkestover

- Smørebod og gapahuk til Sogndal skisenter, Hodlekve

- Fleire bosskassestativ som vart lagt ut for sal

- 5 gapahukar til barnehagar i Luster

- Soveaneks på 3x5 m til oppdragsgjevar på Leikanger

Samt ei mengde med restebord, og bord og benkjer. Alt i alt eit svært aktivt år.

 

Sjå fleire bileter under relaterte lenker til høgre på sida

 

Bygg- og anleggsteknikk håpar at aktiviteten vil vere høg også komande skuleår. Arbeidet har vore lærerikt for elevane, og inspirerande for lærarane på Bygg- og anleggsteknikk. Me ønskjer alle ein god sommar!

Sommarhelsing frå lærarane på Bygg- og anleggsteknikk ved Sogndal vgs

Tips ein ven Skriv ut