Sogndal vidaregåande skule
SogndalFotball_NMgull

Fotballelevar frå Sogndal vgs historiske vinnarar av NM-gull og skandinavisk meisterskap

Galleri

Toppidrett_Fotball_alle
Toppidrett fotball ved Sogndal vgs
Toppidrett_fotball_G19
Sogndal Fotball sine G19-elevar
Toppidrett_fotball_J19
Kaupanger Fotball sine J19-elevar

Sogndal Fotball sitt G19-lag er både norske- og skandinaviske meistrar i fotball denne hausten. Sogndal vgs er stolte av sine elevar, og GRATULERER! 

Toppidrettsatsinga på fotball på Sogndal vgs er i vinden for tida. Denne hausten har juniorlaga til Kaupanger på jentesida, og Sogndal på gutesida markert seg nasjonalt.

J19 laget til Kaupanger kom til semifinalen i NM, der dei tapte knepent 1-0 mot Stabæk tidlegare i haust. Kjernen på dette laget er elevar som har toppidrett fotball på Sogndal vgs. Toppidrettssatsinga på Sogndal vgs inneber eit tett samarbeid med Kaupanger sitt damelag som spelar i 1. divisjon, mellom anna med bruk av trenarkreftene inn i faget toppidrett.

G19 laget til Sogndal Fotball har hatt ein eventyrleg haust, der dei har vunne både norsk- og skandinavisk meisterskap. Dei slo Rosenborg 3-1 i cupfinalen på Telenor Arena, før dei slo danske AGF Århus i finaleni Serneke Arena i Gøbeborg

Desse resultata viser at det er muleg å kombinere utdanning og toppidrett, og Sogndal vgs er utruleg stolte av elevane våre, seier rektor Ole Jørgen Øygarden. Eg vil òg skryte av lærarane våre som legg tilrette for at dette er muleg. Det gjeld både idrettslærarane som føl dei opp i fotball, og alle andre lærarar som legg tilrette for at dei kan satse på idretten sin samstundes som dei  held fokuset på å fullføre utdanninga si. Her opplever eg at me på Sogndal vgs er gode. Dette er moro, seier rektor, som lovar stor feiring av bragdene på fotballfronten i haust.  

Tips ein ven Skriv ut