Sogndal vidaregåande skule
Laerling

Ledig stilling som lærling i byggdriftarfaget

Sogn og Fjordane fylkeskommune, bygge- og eigedomstenesta, har ei stilling ledig i Sogndal for lærling i byggdriftarfaget frå august 2019. Søknadsfrist 10.03.2019 

Kven er du som søker: Du er ein person som likar eit hektisk arbeidsmiljø, tek initiativ, søkjer informasjon og likar utfordrande arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar: Bestått Vg1 i Bygg- og anleggsteknikk. Det er også mogeleg å søke om du har bestått Vg1 og Vg2 i anna studieretning, til dømes elektrofag.

Vi kan tilby: Variert og allsidig opplæring og praksis i samsvar med læreplanen for faget.

Arbeidsstokken i fylkeskommunen skal spegla mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå ein balasert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Om arbeidsgjevar: Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Lenke til utlysinga: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3483751

Tips ein ven Skriv ut