Utdanningsval våren 2019

Utdanningsval på Hafstad vgs

4. - 5. mars hadde vi besøk av hospitantar frå 9. klasse under utdanningsval på Hafstad vgs. Hospitantane fekk informasjon, deltok på ulike aktivitetar, og fekk også prøve ut korleis det er å vere elev på dei tre programområda - studiespesialisering, kunst, design og arkitektur, og medium og kommunikasjon. (Klikk på tittelen for å få opp foto frå dagane)

Medium og kommunikasjon:

Måndag 4. mars: Hospitantane fekk prøve ut "frysfoto", og dei lærte også å ta "skumle" portrettbilete. I tillegg lærte dei om prosessen knytt til å lage film, ved å jobbe praktisk med eit påskekrimprosjekt. Elevar frå VG2 klassen på medium og kommunikasjon var dyktige og hjelpsame mentorar for opplegget denne dagen.

01 MK Frysbilde, foto - Mona Fossdal.jpg

Utdanningsval på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs våren 2019. "Frysfoto" av frukt. Foto - Mona Fossdal

02 MK Frysbilde, foto - Mona Fossdal.jpg

Utdanningsval på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs våren 2019. "Frysfoto". Foto - Mona Fossdal

03 MK Filmopptak.jpg

Utdanningsval på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs våren 2019. Innspeling av "påskekrim". Foto - Mona Fossdal

04 MK Portrett til påskekrim.jpg

Utdanningsval på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs våren 2019. Foto - utd.valelevar, mentorar og lærarar ved Hafstad vgs

05 Filmredigering, foto - Mona Fossdal.jpg

Utdanningsval på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs våren 2019. Filmredigering. Foto - Mona Fossdal

Tysdag 5. mars: *Denne dagen tok hospitantane utgangspunkt i foto som dei tok dagen før, og nytta desse vidare i utforminga av grafiske designprodukt. Lærarane Gunnar-Arne Haaland og Ole Johnny Devik var ansvarlege for dette opplegget. Seinare på dagen jobba hospitantane med filmredigering. Hær lærte dei korleis dei kunne redigere klippa dei tok dagen før. Ansvarlege lærarar for filredigeringsbolken var Dag Erik Solnørdal, Ole Johnny Devik og Johnny Flaten.

Kunst, design og arkitektur:

Måndag 4. mars: Faglærar Karoline Vie fortel at hospitantane fekk prøve ut ulike teikneteknikkar denne dagen. Først teikna dei "maskuline" klede på feminin kropp og omvendt, deretter blei det krokiteikning (raske skisser av menneske). Etter dette teikna hospitantane raske portrett av kvarandre. Dei fekk også ei øving der halvparten skulle sjå i spegel og forklare den som sat framfor korleis dei såg ut. Deretter skulle den andre teikne portrett etter denne skildringa. Til sist blei det ei økt der hospitantane fekk ei rask innføring i korleis lage blåmerke og enkle sår, for deretter å prøve seg fram med sminke.

02 Teikneøvingar, foto - karoline Vie.jpg

Utdanningsval på Kunst, design og arkitektur - Hafstad vgs våren 2019. Teikneøvingar. Foto - Karoline Vie

01 Sårsminke, foto - karoline Vie.jpg

Utdanningsval på Kunst, design og arkitektur - Hafstad vgs våren 2019. Sårsminke. Foto - Karoline Vie

Tysdag 5. mars: Denne dagen lærte hospitantane kunsthistorie med faglærar Wenche Steinsvik, og dei fekk også prøve ut teikning inspirert av kunstnaren Piqasso, og Art Nouveaustilen. På ettermiddagen jobba hospitantane med 3D i papirmedium, der dei fekk opplæring i papirbretting og origami med faglærar Grete Huus.

05 Teikning og kunsthistorie, Foto - Wenche Steinsvik.jpg

Utdanningsval på Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs våren 2019. Foto - Wenche Steinsvik

04 KDA Origami med Grete Huus, foto - Mona Fossdal.jpg

Utdanningsval på Kunst, design og arkitektur - med faglærar Grete Huus - ved Hafstad vgs våren 2019. Foto - Mona Fossdal

Tips ein ven Skriv ut