Sogndal vidaregåande skule
Kokkekamp_2019_2

Kokkekamp for 9.klasse på Sogndal vgs

Fredag 29. mars vert finalemessa i kokkeampen for 9. klassingane arrangert på Sogndal vgs

Kokkekamp er eit samarbeidsprosjekt mellom Stiftelsen Rekruttering til restaurant- og matfag, NKL Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for hotell og matfag og restaurant- og matfag ed Sogndal vidaregåande skule.

Deltakarane er niandeklasse ved Kvåle Skule, Farnes Skule, Sagatun Skule, Leikanger Ungdomsskule, Feios Ungdomsskule og Aurland Ungdomskule.

Elevane har jobba med ei matlagingsoppgåve der dei skulle lage kvardagsmiddag/festmåltid til ungdom med laks/aure som hovudingrediens og ein dessert som er typisk for fylket vårt. Eitt lag frå kvar skule kjempar om finaleplassen.  Målet med prosjektet er å styrkje mat- og helsefaget, lokale råvarer, auke rekruttering til matfaglege utdanningar og omdømmebygging. 
 
Stad: Sogndal vg. skule, restaurant og matfag
Tid: Fredag, 29.03. kl. 9.30 - ca. 14.15   

PROGRAM

09.30 -  Informasjon av prosjektleiar Bodil Erdalsdal i matsalen
10.00 - Opning av kokkekamp ved ordførar i Sogndal kommune, Jarle Aarvoll
10.30 - Start på kjøken, lærar er med første 15 min. på kjøkenet
13.00 - Hovudrett vert levert til dommar
13.15 - Dessert vert levert til dommar
13.30 - Kjøkenet ferdig rydda og vaska
13.35 - Premieutdeling, presentasjon av finalelaga, kokkelaga og dommarar av rektor Ole Jørgen Øygarden og hovuddommar Bjørn Hundershagen   
 
VELKOMMEN ! 

Tips ein ven Skriv ut